Rolf Monsen 0

Rolf Monsen (f. 1946) er tidlegare aktivist i Det norske forbundet av 1948 (DNF-48) og Homofil bevegelse i Bergen (HBB). Frå 1970-talet var Monsen ei viktig sosial drivkraft for miljøet og nytta mellom anna eigen bustad til å arrangere festar og møter for homofile i Bergen. Arkivet hans inneheld organisasjonsmateriale, bøker, brosjyrar og aviser, kalendrar og andre trykksaker. Arkivet er under katalogisering, og vil bli tilgjengeleg på Arkivportalen når arbeidet er fullført.